Opent klubb/treningsritt for alle interesserte torsdag 10 april kl 18.00

Suldal Sykkelklubb vil samle alle interesserte til uformelt treningsritt. Start vil bli i Mosrøysane ved krysset opp til Gullingen. Traseen vil gå delvis på asfalt og grus.
Alle som deltek tek tida på seg sjølv. Traseen: Mosrøysane-Vasshus-Tjøstheim- på grusveg ned til Galland og så til Mosrøysane, totalt 12,2 km.
Seniorane (frå 20 år og oppover) vil sykle 2 rundar, junior syklar 1 runde. (12 t.o.m. 19 år. Her kan du stille med terrengsykkel og hybridsykkel. Det vil ikkje bli noko premiering.