Kraftrittet 2015 har opna for påmelding.

Laurdag 20 juni går starten for Kraftrittet. Rittet er på 101 km. og har ca 2800 høgdemeter, altså eit av dei hardaste ritta i Rogaland.
Starten går frå Sand sentrum kl 12.00, målgang vil og vere i Sand sentrum. Garderobar for skifte og dusj vil vere 1 minutt på sykkel frå start.
Alle som gjennomfører rittet vil få deltakarmedalje. I målområde vil me servere drikke, mat og kaker.

Påmeldingsavgift er kr 250 til og med 31 mai. Frå 1 juni er kostar det kr 350. Eit adm.gebyr på kr 15 vil komme i tillegg påmeldingsavgifta. Eingongslisens på kr 150 vil komme i tillegg for dei som ikkje har heilårslisens.

Alle deltakerane pliktar å ha lys framme og bak. Det er tunnelar i traseen, nokre av desse er mørke så pass på at du har godt lys framme. Hugs at du vil sykle på trafikkert veg og respekter trafikkreglane.

Sjekk bremsene på sykkelen da det vil vere nokre svært utfordrande nedoverbakkar med svært skarpe svingar.

Traseen har fått gode tilbakemeldingar frå tidl. deltakerar så meld deg på. Velkommen skal du vere.

For påmelding gå inn på menyen «Påmelding Kraftrittet 2015»

Styret
Suldal sykkelklubb.