SYKKELENS DAG

Sykkelklubben arrangerar sykkelens dag førstkomande søndag 7 juni kl 13.00. Start og mål ved Kulp på Garaneset. Her blir det og enkel servering, grilling av pølser om veret er bra, pizza inne om veret er dårleg.

Alle deltakerane får medalje

Det vert 2 løyper. Den eine vert for familiar med born og er på ca 4 km. Her er det innlagte postar som deltakerane kan svare på.

Den lengre løypa er for ungdom og vaksne og går opp Førland bru og ned til Kulp igjen.

Ta med naboen eller nokon du kjenner og møt opp.

Styret
Suldal sykkelklubb