Kraftrittet 2015, informasjon

Laurdag 20 juni går starten for Kraftrittet. Rittet er på 101 km. og har ca 2800 høgdemeter, altså eit av dei hardaste ritta i Rogaland. Ikkje la deg skremme av dette, den går i fantastisk natur og går ved 4 fjordar og over eit fjellområde.
Starten går frå Sand sentrum kl 12.00, målgang vil og vere i Sand sentrum. Garderobar for skifte og dusj vil vere 1 minutt på sykkel frå start, dette vil vere skilta. (vis a vis Bunnpris) Her vil du og finne sekretariat (startnummer og brikker til å feste på sykkelen)
Alle som gjennomfører rittet vil få deltakermedalje. I målområde vil me servere drikke, mat og kaker.

Påmeldingsavgift er kr 350, om du ikkje meldte deg på før 1 juni. Eit adm.gebyr på kr 15 vil komme i tillegg. Eingongslisens på kr 150 vil komme i tillegg for dei som ikkje har heilårslisens.

Påmelding på nett vil stenge fredag 19.06. kl 18.00. Påmelding etter dette skjer på rittdagen frå kl 10.00 i sekretariatet. Det vil vere mulig å betale med betalingskort. Klubben si haldning er å halde påmeldingsprisane nede, difor vil prisen vere den samme.

Alle deltakerane pliktar å ha lys framme og bak. Det er tunnelar i traseen, nokre av desse er mørke så pass på at du har godt lys framme. Hugs at du vil sykle på trafikkert veg og respekter trafikkreglane.

Sjekk bremsene på sykkelen da det vil vere nokre svært utfordrande nedoverbakkar med svært skarpe svingar.

Ledebil vil kjøre i god avstand framføre tetfeltet, i tillegg vil me ha vakter på motorsykkel og vakter der det kan oppstå farlege situasjonar. Skiltinga skal vere god og den er viktig å respektere. Etter siste deltakar i feltet vil det vere oppsamlingsbil, denne tek med deltakarar som må bryte rittet.

Traseen har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar så meld deg på. Velkommen skal du vere:-)

Helsing
Hans Sæter
Rittleiar