SYKKELENS DAG

Sykkelklubben arrangerar sykkelens dag førstkomande søndag 7 juni kl 13.00. Start og mål ved Kulp på Garaneset. Her blir det og enkel servering, grilling av pølser om veret er bra, pizza inne om veret er dårleg.

Alle deltakerane får medalje

Det vert 2 løyper. Den eine vert for familiar med born og er på ca 4 km. Her er det innlagte postar som deltakerane kan svare på.

Den lengre løypa er for ungdom og vaksne og går opp Førland bru og ned til Kulp igjen.

Ta med naboen eller nokon du kjenner og møt opp.

Styret
Suldal sykkelklubb

Fellestur førstkommande måndag 4 mai kl 18.00

Klubben arrangerer fellestur førstkommande måndag. Me startar frå Garaneset kl 18.00. Møt opp å slå følge oppover til Førland bru. Dette er først og fremst ein tur der alle skal sykle sammen, enten du er godt eller dårleg trent, ung eller litt meir opp i åra. Gjer dette kjent for alle rundt deg å dra dei med, medlem eller ikkje. Dei som har klubbdrakt pliktar å stille i denne. Me prøvar å få nokon til å ta bilete av oss.

Kraftrittet 2015 har opna for påmelding.

Laurdag 20 juni går starten for Kraftrittet. Rittet er på 101 km. og har ca 2800 høgdemeter, altså eit av dei hardaste ritta i Rogaland.
Starten går frå Sand sentrum kl 12.00, målgang vil og vere i Sand sentrum. Garderobar for skifte og dusj vil vere 1 minutt på sykkel frå start.
Alle som gjennomfører rittet vil få deltakarmedalje. I målområde vil me servere drikke, mat og kaker.

Påmeldingsavgift er kr 250 til og med 31 mai. Frå 1 juni er kostar det kr 350. Eit adm.gebyr på kr 15 vil komme i tillegg påmeldingsavgifta. Eingongslisens på kr 150 vil komme i tillegg for dei som ikkje har heilårslisens.

Alle deltakerane pliktar å ha lys framme og bak. Det er tunnelar i traseen, nokre av desse er mørke så pass på at du har godt lys framme. Hugs at du vil sykle på trafikkert veg og respekter trafikkreglane.

Sjekk bremsene på sykkelen da det vil vere nokre svært utfordrande nedoverbakkar med svært skarpe svingar.

Traseen har fått gode tilbakemeldingar frå tidl. deltakerar så meld deg på. Velkommen skal du vere.

For påmelding gå inn på menyen «Påmelding Kraftrittet 2015»

Styret
Suldal sykkelklubb.

Påmelding Bergen Voss er klar

Kjære sykkelvenn,
Vi er nå klare til å ta imot din påmelding til Bergen-Voss og Voss-Geilo!

Bergen-Voss                          Voss-Geilo
I påmeldingssystemet til Bergen-Voss kan du samtidig melde deg på Voss-Geilo (15. august). Velger du denne løsningen sparer du både tid og penger.
Trenger du transport hjem fra Voss ber vi deg kikke på den nye siden vår omreturtransport.
Vennlig hilsen,
Bergen-Voss komiteen