Styret Suldal Sykkelklubb 2017

Leiar:                  Hans Sæter

Nestleiar:           Tone Fisketjøn

Sekretær:            Terje Steine

Kasserar:            Vidar Veggeland

Styremedl:         Jan Helge Moe

Varamedl:          Sverre Herabakka, Adriaan Van Ruiven, Atle Førland

Til påmeldte og etteranmeldte til kraftrittet

Statnr og brikker.
Litt forandring når det gjelder å hente startnr og brikker. Dette får dere ved start/sekreteriat som ligger i sentrum, det vil være skiltet dit. Dette ligger ca 400 m fra garderoben. Dere kan hente dette fra kl. 10.00.

Påmelding er stengt ned, men dere kan melde der på ved ankomst via mobilbank eller ved å betale inn på kraftrittet sin kto.3520 6365135 i forkant. Betaler dere via nettbank så send epost til undertegnede om at dere har betalt. Ellers så gjelder kontanter med akkurat beløp kr 350.

Hilsen
Hans Sæter
hans.saeter58@gmail.com

 

 

 

 

 

Kraftrittet landeveg 2016

Kraftrittet 2016, informasjon

Laurdag 18 juni går starten for Kraftrittet. Rittet er på 101 km. og har ca 2800 høgdemeter, altså eit av dei hardaste ritta i Rogaland. Ikkje la deg skremme av dette, den går i fantastisk natur og går ved 4 fjordar og over eit fjellområde.
Starten går frå Sand sentrum kl 12.00, målgang vil og vere i Sand sentrum. Garderobar for skifte og dusj vil vere 1 minutt på sykkel frå start, dette vil vere skilta. (vis a vis Bunnpris) Her vil du og finne sekretariat (startnummer og brikker til å feste på sykkelen)
Alle som gjennomfører rittet vil få deltakermedalje. I målområde vil me servere drikke, mat og kaker.

Påmeldingsavgift er kr 250, etter 1 juni kr 350. Eit adm.gebyr på kr 15 vil komme i tillegg. Eingongslisens på kr 150 vil komme i tillegg for dei som ikkje har heilårslisens.

Påmelding på nett vil stenge fredag 17.06. kl 18.00. Påmelding etter dette skjer på rittdagen frå kl 10.00 i sekretariatet. Det vil vere mulig å betale med betalingskort. Klubben si haldning er å halde påmeldingsprisane nede, difor vil prisen vere den samme.

Alle deltakerane pliktar å ha lys framme og bak. Det er tunnelar i traseen, nokre av desse er mørke så pass på at du har godt lys framme. Hugs at du vil sykle på trafikkert veg og respekter trafikkreglane.

Sjekk bremsene på sykkelen da det vil vere nokre svært utfordrande nedoverbakkar med svært skarpe svingar.

Ledebil vil kjøre i god avstand framføre tetfeltet, i tillegg vil me ha vakter på motorsykkel og vakter der det kan oppstå farlege situasjonar. Skiltinga skal vere god og den er viktig å respektere. Etter siste deltakar i feltet vil det vere oppsamlingsbil, denne tek med deltakarar som må bryte rittet.

Traseen har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar så meld deg på. Velkommen skal du vere:-)

Helsing
Hans Sæter
Rittleiar

Kraftrittet 2015, informasjon

Laurdag 20 juni går starten for Kraftrittet. Rittet er på 101 km. og har ca 2800 høgdemeter, altså eit av dei hardaste ritta i Rogaland. Ikkje la deg skremme av dette, den går i fantastisk natur og går ved 4 fjordar og over eit fjellområde.
Starten går frå Sand sentrum kl 12.00, målgang vil og vere i Sand sentrum. Garderobar for skifte og dusj vil vere 1 minutt på sykkel frå start, dette vil vere skilta. (vis a vis Bunnpris) Her vil du og finne sekretariat (startnummer og brikker til å feste på sykkelen)
Alle som gjennomfører rittet vil få deltakermedalje. I målområde vil me servere drikke, mat og kaker.

Påmeldingsavgift er kr 350, om du ikkje meldte deg på før 1 juni. Eit adm.gebyr på kr 15 vil komme i tillegg. Eingongslisens på kr 150 vil komme i tillegg for dei som ikkje har heilårslisens.

Påmelding på nett vil stenge fredag 19.06. kl 18.00. Påmelding etter dette skjer på rittdagen frå kl 10.00 i sekretariatet. Det vil vere mulig å betale med betalingskort. Klubben si haldning er å halde påmeldingsprisane nede, difor vil prisen vere den samme.

Alle deltakerane pliktar å ha lys framme og bak. Det er tunnelar i traseen, nokre av desse er mørke så pass på at du har godt lys framme. Hugs at du vil sykle på trafikkert veg og respekter trafikkreglane.

Sjekk bremsene på sykkelen da det vil vere nokre svært utfordrande nedoverbakkar med svært skarpe svingar.

Ledebil vil kjøre i god avstand framføre tetfeltet, i tillegg vil me ha vakter på motorsykkel og vakter der det kan oppstå farlege situasjonar. Skiltinga skal vere god og den er viktig å respektere. Etter siste deltakar i feltet vil det vere oppsamlingsbil, denne tek med deltakarar som må bryte rittet.

Traseen har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar så meld deg på. Velkommen skal du vere:-)

Helsing
Hans Sæter
Rittleiar

 

SYKKELENS DAG

Sykkelklubben arrangerar sykkelens dag førstkomande søndag 7 juni kl 13.00. Start og mål ved Kulp på Garaneset. Her blir det og enkel servering, grilling av pølser om veret er bra, pizza inne om veret er dårleg.

Alle deltakerane får medalje

Det vert 2 løyper. Den eine vert for familiar med born og er på ca 4 km. Her er det innlagte postar som deltakerane kan svare på.

Den lengre løypa er for ungdom og vaksne og går opp Førland bru og ned til Kulp igjen.

Ta med naboen eller nokon du kjenner og møt opp.

Styret
Suldal sykkelklubb

Fellestur førstkommande måndag 4 mai kl 18.00

Klubben arrangerer fellestur førstkommande måndag. Me startar frå Garaneset kl 18.00. Møt opp å slå følge oppover til Førland bru. Dette er først og fremst ein tur der alle skal sykle sammen, enten du er godt eller dårleg trent, ung eller litt meir opp i åra. Gjer dette kjent for alle rundt deg å dra dei med, medlem eller ikkje. Dei som har klubbdrakt pliktar å stille i denne. Me prøvar å få nokon til å ta bilete av oss.

Kraftrittet 2015 har opna for påmelding.

Laurdag 20 juni går starten for Kraftrittet. Rittet er på 101 km. og har ca 2800 høgdemeter, altså eit av dei hardaste ritta i Rogaland.
Starten går frå Sand sentrum kl 12.00, målgang vil og vere i Sand sentrum. Garderobar for skifte og dusj vil vere 1 minutt på sykkel frå start.
Alle som gjennomfører rittet vil få deltakarmedalje. I målområde vil me servere drikke, mat og kaker.

Påmeldingsavgift er kr 250 til og med 31 mai. Frå 1 juni er kostar det kr 350. Eit adm.gebyr på kr 15 vil komme i tillegg påmeldingsavgifta. Eingongslisens på kr 150 vil komme i tillegg for dei som ikkje har heilårslisens.

Alle deltakerane pliktar å ha lys framme og bak. Det er tunnelar i traseen, nokre av desse er mørke så pass på at du har godt lys framme. Hugs at du vil sykle på trafikkert veg og respekter trafikkreglane.

Sjekk bremsene på sykkelen da det vil vere nokre svært utfordrande nedoverbakkar med svært skarpe svingar.

Traseen har fått gode tilbakemeldingar frå tidl. deltakerar så meld deg på. Velkommen skal du vere.

For påmelding gå inn på menyen «Påmelding Kraftrittet 2015»

Styret
Suldal sykkelklubb.